top of page

Løp for psykisk helse 2025

Bli med på løpet mitt

Bli med på årets løp for psykisk helse den 31. mai! Kvar time, frå klokka 06:00 til siste start klokka 20:00, løper eg/vi 7 km – totalt 105 km.

​

I samband med løpet vil det bli oppretta ein spleis, slik at du kan bidra til ei god sak. Som i fjor vil alle deltakarar få medalje! Medaljene er nummererte – deltek du i to timar, får du ei medalje med talet 2 på baksida. Dei som deltek i 10 timar eller meir, vil motta ein eksklusiv spesialmedalje i glas.

​

​

Bli med og set fokus på psykisk helse – saman gjer vi ein forskjell!

​

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM VAR MED I ÅR

Liste over kven som var med i 2024 og 2025

Min historie

Alle har psykisk helse. Med dette i tankane fekk eg ideen om å starte eit løp i Måløy med psykisk helse som tema. Openheit om dette er avgjerande, og eg veit av eiga erfaring kor viktig det er å snakke om det.
 

Eg har sjølv utfordringar med min psykiske helse, men i det store og heile fungerer eg fint i kvardagen. Dette er noko eg har levd med så lenge eg kan hugse, og eg har utvikla strategiar som gjer at eg handterer det på ein god måte. Likevel kjenner eg ofte på at temaet er skambelagt og vanskeleg å snakke om – kanskje spesielt for menn.
 

I 2021 tok eg eit viktig val: eg bestemte meg for å vere open om min psykiske helse. Erfaringane har vore udelt positive. Eg opplever at dei eg deler historia mi med, ofte blir opne tilbake. Mange har sine eigne historier å fortelje, og det viser kor viktig det er med openheit og dialog.

445377122_1222191932486022_6799655878932158601_n.jpg
bottom of page