top of page

Min veg mot lag-VM 2028

Mitt fyrste "last one standing" var 2.mai 2026. Eg hadde erfaring frå før, men hadde aldri vore med lenger enn 17 timar. Denne gongen skulle eg lenger. Det blei 2.plass og 35 timar. Eg hadde med meg Åse Maria Lien og Mathias Hilmarson Lofnes som support. Utan desse to, hadde eg aldri komme meg så langt. 

​​

Eg lærte mykje i det løpet. Mat, utstyr, fart og mykje andre viktige detaljar. Løpet gav meirsmak og målet framover vil vere å kvalifisere seg til lag-VM i 2028, og representere Noreg.

​

Team Sports Måløy

 

På laurdag klokka 09:00 smeller det på Herdla. Backyard Ultra «last one standing». Konseptet er det same som i Svelvik 2.mai tidlegare i år (Hagemann Backyard Festival). Dei største forskjellane denne gongen er:

  • Vi har fått eit lagnamn: Team Sports Måløy

  • Eg har erfaring frå Svelvik (35 timar)

  • Sterk ultraløpar er med i teamet: Steinar Thorsen

  • Fleire møter og telefonsamtalar saman med Steinar Thorsen, der vi har laga matplan, utstyrsplan, gjennomføringsplan etc.

  • Åse Maria er med, og ho har god erfaring frå Svelvik

  • Mathias Hilmarson er ikkje med i støtteapparatet denne gongen.

  • Treninga har vore mykje betre utover hausten.

  • Målet framover i Backyard Ultra verden er klart definert i teamet.

 

Eigentleg var planen å reise til Herdla Backyard Ultra utan støtteapparat. Eg ville kjenne på korleis det er å stå heilt aleine i «last one standing»-verda. Den erfaringa får eg ta ein annan gong.

​

For 20. august klokka 09:23 ringde Steinar Thorsen. Han hadde fått nyss om at eg ikkje skulle ha støtteapparat, og ville lufte ein idé: om han skulle vere støtteapparatet mitt på Herdla. Eg blei heilt mållaus. Sjølvsagt ville eg det.

​

Frå det augneblinke snudde heile innstillinga mi til løpet. Dei siste dagane blei det også klart at Åse Maria kunne vere med. Med eit støtteapparat endrar spelet seg totalt. Frå å ta løpet som det kjem, til å faktisk gå for å vinne løpet.

​

Eg kan ikkje garantere at eg vinn, men eg skal gjere mitt absolutt beste saman med Steinar og Åse Maria.

​

Og eg har ikkje gløymt deg Malin Berge. Med godt samarbeid ut i løypa, så skal vi holde ut lengst mogleg.

bottom of page