top of page

DNF Oslo-Bergen Trail

Sjokolademjølk var gull
Sjokolademjølk var gull

På veg til Bergen med buss – 08.07.25

To kviledagar i Kinsarvik saman med Kenneth Bjørkheim. Mykje søvn og mat. Hevinga i venstre fot er på retur. Eg håpar og trur eg stoppa i tide. Før løpet sa eg: Ikkje støtt meg viss eg vil bryte berre fordi eg er sliten eller trøtt. Berre skade skal stoppe meg.


Fyrste tankar om løpet

Det er utan tvil det tøffaste eg har vore med på. 260 km på 3 døgn, 17 timar, 59 minutt og 51 sekund. 10 timar søvn totalt. Eg gjekk frå å føle meg fin til å bli skikkeleg destruktiv. Uansett korleis eg hadde det: La beina gå!

Eg lærte mykje som eg tek med vidare:


1. Sekken og vekta

  • Sekken var 10–12 kg, kanskje 4–6 kg tyngre enn snittet.

  • Mange meinte den var unødvendig tung. Eg trur det var hovudgrunnen til at eg måtte bryte.

  • Organiser sekken og dropbaggen godt. Mat nederst i sekken er lite lurt.

  • Regnklede og ull bør vere lett tilgjengeleg. Eg fekk betre kontroll utover løpet.

2. Sko

  • Neste gong skal eg ha sko som ikkje let meg kjenne kvar stein eg går på.

3. Mat

  • Meir salt, protein og fett. Variasjon kan bli betre. Mat blei likevel aldri eit problem.

4. Utstyr

  • Ikkje ta med for mykje: ekstraklede, medisinsk utstyr, powerbank – mykje blei ikkje brukt.

  • Unntak: Sokkar. Ta med rikeleg.

5. Stavar

  • Du må ha stavar. Bruk dei heile tida.

6. Søvn

  • 2–4 timar søvn per døgn fungerer. Ein gong vekka dei meg 2 timar for tidleg – den kvila fekk eg aldri teke igjen. Måtte sove 45 minuttar på fjellet under økt 4.

7. Tempo

  • Ikkje gå for fort. Å kome til Bergen på 5 eller 9 dagar er uansett ei bragd. Med 3–4 km/t er du framme lenge før fristen på 9,4 døgn.

8. Respekt

  • Respekter dei andre. Alle er i si eiga boble.

9. Kva gjorde eg bra?

  • Skifta klede etter vêr og forhold

  • Heldt meg varm når det var kaldt, og kjølig når det var varmt

  • Gjekk roleg og kontrollert

  • Var positiv (ifølgje nr.152!)

  • Heldt roen sjølv om eg ikkje fann ting i sekken

  • Lytta til kroppen – det var riktig å bryte før Krækkja, då foten berre blei verre. Vil ikkje øydelegge resten av sesongen.

10. Heia og støtte

  • Fekk mange meldingar undervegs. Klarte ikkje svare på alle, men eg veit det ikkje var forventa. Takk til alle som heia – det gjorde løpet mykje lettare.

11. 152 – Bjarne Brynning

  • Takk for 30–40 timar i lag! Du gjorde turen lettare. Etter Jokeren på økt 3 var du heilt klar, og heldt fart fram mot Vasstulan. Du veit – vi må jo halde tempo for å nå fristen. Du er framleis godt i rute!

12. Åse Maria Lien

  • Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Du var med dei siste timane då eg visste eg skulle bryte. Rundt midnatt var eg både glad og lei meg, og snakka om å aldri gjere slike ting igjen. Du heldt motet mitt oppe heilt fram til Krækkja. Takk for at du støttar dei sprø ideane mine – og for at du blir minst like ivrig som meg i planlegginga!

13. OBT 2027?

  • Eg sa aldri meir. Jaja… kven veit? Eg veit! Det blir OTB-27


  • Takk til SportS Måløy som sponsa mykje av utstyret

  • Takk til alle som vippsa – det kom inn nesten 10.000 kr

  • Takk til Velledalen IL for sponsing av både utstyr og turen


 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


bottom of page