top of page

Reisedag

I natt drøymde eg mykje rart. Mesteparten av draumen handla om turstavane mine. Eg gløymde dei, og fekk skikkeleg panikk. Alle butikkane i Oslo var stengde, og eg måtte krysse eit fjell som minna om Andesfjella for å kome meg tilbake til start. Det er vel fjellturen frå Oslo til Bergen som byrjar å gjere seg gjeldande.


I dag går turen til Oslo, nærare bestemt Voksenkollen og Soria Moria hotell. Der blir eg verande fram til start på torsdag klokka 08.00.


Alt er pakka, sjølv om det nok blir nokre småjusteringar fram mot start.


ree

 
 
 

Kommentarer


bottom of page