Hagemann Backyard Festival 2026
- hilmar1978
- 22. mai
- 6 min lesing

Kom til Svelvik fredag 1.mai om kvelden. Eg, Åse Maria og Mathias etablerte basen min inne på Ebbestadhallen om kvelden 1.mai.
Løpet starta klokka 10:00 på laurdag. Løpet er Backyard Ultra Last Man Standing konseptet. Dette vil seie å jogge 6706 meter kvar time. Start kvar heile time.
Time 1 til 10 gjekk greitt.
Time 11 til 17 var veldig vanskeleg. Sleit skikkeleg med magen. Time 12 og 13 var nok det verste tida i heile løpet. Magen begynte å stabilisere seg utover mot time 17.
Time 18 til 28 gjekk ganske greitt. Sleit med kvalme i runde 21-22, men dette gjorde eg med vilje. Tok i meg ganske mykje mat. Kvalmen slapp 3-4 km ut i runde 22. Eg sleit ofte med starten frå omtrentleg time 20 til 28. Var stiv og støl. Usikker når eg blei betre, men det kom seg etter ei fartsauke den siste 1,5 km før mål.
· Hadde musikk med meg ei runde. Dette er fyrste gong eg har høyrt på musikk i eit løp. Heilt grei oppleving, men gav ikkje særleg verdi for meg.
· Hadde plan om å gje meg etter 28 timar, men slik blei det ikkje. 28 timar og eg hadde tangert Frank Løke. Dette sa eg til Einar Hagemann. Kommentar frå Einar blei. Tar du 29 er du forbi han. Ingen gjev opp etter 29, derfor blir det 30. 33 er eit flott tal og 35 er ikkje lenge etter. Einar hadde rett. Eg kunne fortsette.
Time 29 til 32 var stillingskrig. Vi var blitt redusert til om lag 5-6 stykker. Kroppen fungerte betre og betre. Time 32 blei tull. Eg brukte 41 minutt. Heilt greitt å springe fort, men ikkje gjennom heile runda. 1-2 km med bra fart erfarte eg var veldig godt for kroppen og den boosta meg bra.
Time 33-35 var det meg og Glenn igjen. Følelsen eg fekk, når vi var to igjen var ubeskriveleg. Kjente at eg fekk gåsehud. Eg hadde følgt med på andre løp, og tenkte ofta at det å vere dei to siste må vere kult. Tenk at eg skulle få oppleve det i mitt fyrst «Last Man Standing» Time 34 blei eg skikkeleg stiv og runde 35 var veldig krevjande. På runde 35 bestemte eg å avslutte løpet. Sjølv om eg kom i mål på ei ganske god tid cirka 51 minutt.
Time 36 takka eg Glenn for kampen. Eg gjorde meg klar til runde 36, starta den, men avslutta etter 200 meter. Til min store overrasking fungerte kroppen ganske bra dei 200 meterane. Hugsa «Søren at eg ikkje har med meg mat». Derfor er eg veldig sikker på at eg hadde minst inne 5-10 timar igjen. Likevel følte eg at det var riktig å gje meg der. Glenn er ein verdig vinner.
---
Det blei lite søvn i løpet. Tippa 2-3 minutt. Det var heilt greitt. Eg var aldri trøtt i løpet. Dette overraska meg at det skulle vere så lett. Trudde at eg skulle få større problem med å halde haudet klart i løypa.
Mat-erfaringar:
Fast mat fungerer bra den fyrste tida. Eg må unngå mjølk!!!
Mat er vanskeleg! Dei fyrste 5-6 timane var det lett å ete. Utover det begynte det å bli vanskeleg. Eg greier ikkje å hugse heilt i detaljnivå utover, men nokre ting hugsar eg klart. Etter at eg fekk store problem med magen frå 11-12 time, fram til 17 time. Blei eg mykje meir einspora i mat-verden. Ville ikkje ha mat, som eg forbant med vondt i magen. Hamburgar, mjølkeprodukt og nudlar.
Mat eg stort sett heldt meg til etter kvar var Iskaffe laktosefri, spiste litt havregrynsgraut utover, chips, kaffi, solbærsaft, nutridrink(fint det utan mjølk?), (høyre med Åse Maria om andre erfaringar).
Mat eg hadde med meg i løypa:
· Gel, smågodt og litt chips à Dette fungerte godt
· Hadde med meg Polly-blanding ei rundt. Det var ein dårleg oppleving.
· Ei flaske med vatn, som hadde ein tablett med salter og likande
Erfaring med løypa.
· Fyrste delen var asfalt. Den var veldig bra for meg. Fekk kroppen varm igjen og fekk vekk stølheit i kroppen.
· Del to var grus og oppover fram mot lykketoppen (mitt namn). Her blei det mykje gåing.
· Frå Lykketoppen til Skogen (vatnet). Grus: Flatt fyrste del. Her blei det lett jogg. Den lengste bakken på nokre hundre meter. Her var det berre å gå roleg. På toppen av denne bakken blei det roleg nedoverbakke fram til Skogen.
· Skogen: Her var det berre å halde roen. Ikkje snuble.
· Etter skogen fram til parkeringsplassen. Grusveg: Spiste ofte litt smågodt på starten. Var cirka 3,5 km til mål ved utgangen av skogen. Her handla det om å halde roleg fart. Få kroppen til å fungere. Nokre områder med ganske store steinar i grusvegen. Spesielt rett før parkeringsplassen.
· Parkeringsplassen og opp lykkebakken. Fyrste del asfalt, så ned to trapper (kunne velje ein sti ved sidan av. Den brukte eg dei fyrste 24 timane. Neste år vil eg bruke trappa oftare.) Etter trappa var det ein kort men bratt bakke(Lykkebakken) opp til Lykketoppen. Den bakken var alltid deilig.
· Lykketoppen til Mål. Henta meg ofte inn på dette strekket. Typisk Hilmar-terreng. Grus nedoverbakke fyrste 600-700 meter, med påfølgande asfalt cirka 1200 meter. Litt terreng/grus heilt inn mot mål.
Sko: Eg byttet mellom Sacuony Kinvara (min grøne sko) og Alphafly. Eg blei skikkeleg overraska kor bra det var å bruke Alphafly, sjølv om dei fekk skikkeleg juling etter kvart. Begynte med Kinvara, skifta til «nye Kinvara» etter sikker 5-6 timar. Usikker tidspunkt eg tok på meg Alphafly, men gjorde det etter at eg begynte å få vondt under foten. Med Alphafly blei blei det ikkje lenger vondt under føttene. Skifta tilbake til Kinvara mot slutten av løpet. Det var også smart bytte. Kjente ikkje vondt under føttene. Derfor blir konklusjonen at det er viktig å bytte sko utover løpet.
Support/støtteapparat:
Åse Maria og Mathias
· Støtte. Åse Maria var uunnverleg i løpet. Ho fiksa det meste eg spurte om. Ho støtta meg heile tida. Eg var skikkeleg lei meg fleire gonger. Både Åse Maria og Mathias trøsta meg, støtta meg og hjelp meg til å fortsetje løpet.
· Positivitet
· Lag mat klart til eg kom inne igjen etter runda.
· Mathias var hos meg utover kvelden laurdag til cirka 3-4 om natta. Då køyrde Åse Maria, Mathias heim. Når det begynte å gå mot slutten på søndagen var Mathias veldig engasjert og ein viktig støtte for meg.
· Åse Maria fekk like lite søvn som eg. Dette må vi få meir kontroll på neste gong. Mathias har sakt seg villig til å stille opp. At han tar nattøkta. Han var usikker på kva han skulle gjere, og ville ha opplæring i det. Dette skal vi få til
Min situasjon i løpet:
· Søvn-lite søvn, men følte meg aldri trøtt
· Mat- Unngå mjølkeprodukt og mat eg føler meg usikker på.
· Sko- Viktig med 3-5 skoskifter i løpa av 35 timar.
Til neste løp:
· Kjøp salttablettar
· Eit eller anna som kan gje mindre press på panna, når eg bruker haudelykt.
· Solskjerming og spray-solkrem.
· Ikkje mat som inneheld laktose.
· Eg trenger all innformasjon eg kan få visst eg vurderer å avbryte.
o Det finne eigentleg berre to grunne til å avbryte.
o Kroppen vil ikkje meir (utmatta)
o Skade.
Etter eg gav meg til 09.05.26
Eg stivna skikkeleg til etter løpet. Trengte hjelp opp til leiligheita vi leigde i Svelvik. Trengte hjelp til å kle av og på meg, måtte ha hjelp til å komme meg i senga. Fyrste natta hadde eg høg feber og vakna fleire gonger at eg sveitta veldig mykje. Sto opp ganske tideleg på måndag etter løpet. Til min store overraskelse fungerte kroppen ganske bra. Eg kunne bevege meg greitt. Elles har eg sove mykje. Mest søvn frå onsdag til i dag. Har vore ute å jogga frå onsdag. Vore rolege økter. Kjenner det mest i knea (vondt på utsida). Elles kan eg eigentleg ikkje klage. Kroppen hentar seg fort inn igjen. Kjenner ikkje på noko som bekymrar meg.
Planar framover:
Ja, dette vil eg gjere meir av. Eg vil vere med å representere Noreg i VM-lag i backyard ultra i 2028. Visst eg er heldig kjem eg med i VM-lag 2026 og. Eg meiner sjølv at eg har kapasitet til minst 50 timar. Dette var fyrste gong, og det var ein enorm erfaring. Oppgåva blir å finne løp der ein kan forvente at løpet varer i minst 40 timar. Silver Ticket-løpa blir veldig viktig. Går utifrå at det blir fire av dei fram mot VM-lag 2028.
Minuset er at Oslo-Bergen Trail i 2027, framstår ikkje så viktig lenger.



Kommentarer