Velledalen IL
- hilmar1978
- 27. juni 2025
- 1 min lesing
Cirka 1 år sidan eg gjennomførte mitt fyrste skikkelege maraton, og tida blei 2:48:45. Etter min meining den heftigaste opplevinga eg har hatt i eit løp og etter eit løp. 3.juli skal eg vere med på Oslo Bergen Trail. Her er vi på nivået til Pippi Langstrømpe: «Det har jeg aldri prøvd før, så det klarer jeg sikkert.» (sjølv om ho skal visst aldri ha sagt det ifølgje forskning.no). Det som er min fordel er at eg trener bra, har stor vilje og etter min meining veldig seig og tåler smerte godt. Det er mykje folk å takke i forbindelse med løpet. I denne omgang vil eg takke Velledalen IL. Det er beundringsverdi kor mykje tid dykk brukar på meg. Tusen takk dykk bidreg med motivasjon, heiarop, bidrag som klede og penger og mykje meir. Ord blir fattige. Takk også til alle medlemmane i klubben som heier på meg. Eg er skikkeleg stolt medlem av Velledalen IL.




Kommentarer